onsdag 22. januar 2020

Jone - jenta eller gutt?


Aftenbladet på offensiven for Jone-navnet. Her er fyrstesida 28. oktober 1971.
Teikning: Henry Imsland.

Mor mi var på gråten då ho måtte gi etter for familie-presset og godta at eg blei døypt Jone. Sjølv møtte eg i vaksen alder forfjamsa folk andre stader i landet som sto og venta på ei dama og så kom eg, ein halvfjelga, utflytta hjelmelandsbu med ein nesten uforståeleg innante-dialekt. I resten av landet hadde dei ikkje fått med seg at Jone-navnet hadde hundrevis av år bak seg som mannsnavn i Rogaland og spesielt i Ryfylke.

- Berre gamle menner heiter Jone, innvende mor mi då
eg skulle døypast. Her er far, mor og eg.
Dei mest populære baby-navna i fjor var tema då eg skrudde på  radioen i dag. Emma, Nora og Sofie var topp tre for jenter. Jakob, Lucas og  Filip var på guttatoppen. Sjølv om det blir påstått at me aldri har vore meir ukristelige her i landet enn me er nå, så er det bibelske navn som dominerer når dei små skal få navn.

Jone-navnet har sitt opphav i Ryfylke. Jon blei til Jone. Alle som kjenner den lokale dialekten veit at her seier dei kjekke, snille og gilde i staden for kjekk, snill og gild. Denne e-en meiner eg blir kalla ein svarabakti-vokal på fagspråket.

Då eg blei fødd på Laugaland i 1949  kom raskt navnespørsmålet opp. Eldste bror til far min døydde 20 år før mi tid. Han heitte Jone og var ikkje oppkalla. Jone-navnet hadde gått igjen i familien i opptil fleire hundre år. Jone måtte kallast opp.

- Men det er jo berre gamle menner som heiter Jone, innvende mor mi og rekna opp Jone Eiane, Jone Hagalid, Jone Fossane, Jone Hauge, Jone Vadla og så vidare. Ho hadde sett for seg noko meir moderne. Men Jone blei det og eldste syster til far min bar meg til dåpen.

Det var i grunnen ganske sutalaust som guttunge å vera ein Jone, sjølv om det ikkje var så mange jamaldringar med same navnet. Kva kjønn personen bak navnet hadde, blei ikkje problematisert i min barndom. Mor mi og tantene mine frå Hjelmelandsvågen kalla meg ofte for Jonemann og far min og andre mannfolk i Vormedalen sa ofte Johnsen til meg. Men erta for navnet blei eg aldri.

Over 100 Jonar i Rogaland fastslo Aftenbladet på fyrstesida 2-11-1971.

I 1971 blei det er eit fæla oppstyr. Ein prest utan den nødvendige lokale ballast ville  nekta eit foreldrepar å kalla gutte-babyen sin Jone. Dette var eit jentenavn sa han etter å ha granska dei rettleiingar han hadde liggjande frå høgare hald.

Dette kom Aftenblad-journalist Johanne Margrethe Johnsen for øyra og det blei eit himmelsk oppstyr. Ho spora opp omtrent kvar einaste Jone i heile Rogaland og fekk navnet på trykk i Aftenbladet. Og det var ikkje få. I tillegg fekk ho avisa til å utlova 500 kroner til den fyrste Jone-jenta i fylket. Det var ingen som melde seg.

I 1971 budde eg i Bergen og merka ikkje så mykje av Jone-oppstyret i Rogaland. Men eg hadde jo registrert at det ofte blei litt problematisk for bergensarar å oppfatta kva eg heitte. Det gjaldt både føre- og etternavn. Jone-navnet var ukjent. Ein studiekamerat av meg frå Voss trudde i mange år at Jone var etternavnet mitt.

Eg kom meg velberga tilbake til Rogaland etter fem år i Bergen. Då var jo Jone-navnet komme på moten i Sør-Rogaland. Plutseleg var ein heil gjeng med småguttar med same navnet som meg. I 1976 fekk eg jobb som sommarvikar i Aftenblad-redaksjonen og møtte Johanne Margrethe Johnsen for fyrste gong. Ho la ikkje skjul på kven som hadde berga Jone som guttanavn for kommande generasjonar.

Jone-navnet fekk aldri noko gjennombrot nasjonalt. Dette er stadig eit lokalt navn sjølv om det fekk ei viss utbreiing både i Nord-Rogaland og på Jæren. Men i dag er det ikkje mykje i bruk.

Ein del løgne situasjonar har det blitt med eit såpass sjeldent navn.

Ein gong var eg med som Aftenblad-journalist på ein pressetur i Bremanger Smelteverk i Svelgen. Der var ein haug med journalistar med. Den mest kjende var dåverande Dagsrevyen-medarbeidar Tore Sandberg som i dag er mest kjent som  privat-etterforskar. I tillegg var det ein stor delegasjon med Elkem-direktørar med.

Då me skulle leggja oss om kvelden fekk eg eit flott hotellrom. Eg vassa til anklane i golvteppe-floss. Eg tenkte ikkje over det. Men dei i resepsjonen gjorde store auer då eg leverte nøkkelen om morgonen. - Var det du som heitte Jone. Me trudde du var eit kvinnfolk. Derfor våga me ikkje å plassera deg på hotellbrakka saman med alle dei mannlege journalistane.

I Tana i Finnmark blei dei også overraska då eg kom inn på eit møterom for å gjera unna eit intervju som var avtalt på førehand. Dei trudde eg var reserve for ein kvinneleg journalist-kollega.Men det ordna seg då eg kunne dokumentera at der langt ned i sør brukte dei slike rare mannsnavn.

Eit besøk hjå fastlegen førte til litt forviklingar for nokre år sidan. Den faste mannlege fastlegen hadde ferie og me blei undersøkt av ein kvinneleg utanlandsk vikar. Ho var litt usikker og spurte meg koss lang sjukemelding eg skulle ha. - Det er du som er lege, innvendte eg. - Gi meg ein idé, sa ho. -14 dagar, sa eg og slik blei det. I tillegg fekk eg resept på smertestillande piller.

Eg gjekk rett på apoteket og leverte resepten på disken og sette meg for å venta på medisinene. Plutseleg blei eg kalla bort til disken av ho som hadde fått resepten. - Har du lese det som står her, spurte ho. Det hadde eg sjølsagt ikkje. Ho viste meg papiret. Der sto det at eg skulle bruka pillene mot menstruasjonssmerter.

- Av og til har folk trudd at eg var kvinne når dei berre har sett navnet mitt. Men dette er fyrste gong nokon har tatt feil av kjønnet mitt ved personleg frammøte, sa eg då.










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar