tirsdag 31. juli 2018

«Stordøy» forsvinn frå Erfjord til Irland

I 30 år gjekk «Stordøy» med panner frå Årdal. Nå
forsvinn den til irsk kystfart. 


Lastebåten «Stordøy» er ute av Erfjord-soga. Bøen-brørne Edvard og Kjell har seldt båten til irske eigarar som skal setja inn båten i lasterute på vestkysten av Irland. Nå ligg båten på verkstad i Egersund der den skal skifta navn og flagg før den forlet gamlelandet.

«Stordøy» har vore eit fast innslag i dagleglivet i Erfjord i 70 år. I 1948 kom den 52 år gamle fiskebåten «Stordøy» dampande inn fjorden og klappa til kai på Erøy. Den fjerde «Stordøy» gjekk sin siste tur med betongpanner frå Årdal til Sandnes, Haugesund og Bergen i begynnelsen av juli.


Brørne Kjell og Edvard Bøen i styrehuset på «Stordøy» i 2011. 

- Me har hatt kontakt med dei irske kjøparane sidan november i fjor, fortel Kjell Bøen som saman med broren Edvard og Joar Skjerahaug har vore fast inventar på «Stordøy» i alle år.

Heile besetninga har alderen inne for å kunna heva pensjon. Skipper Edvard er 71 år, maskinist Kjell er 67 år og den kokekyndige matrosen Joar Skjerahaug er 60 år.

I nesten 30 år har dei tre karane farta med denne båten langs Vestlandskysten med base på Erøy i Erfjord. Omtrent kvar einaste helg har båten vore på sin faste plass. Dei seinare åra har helgene til dels blitt ganske lange. Onsdag eller torsdag har dei teke helg. 


Joar Skjerahaug, i trucken, har seilt med Bøarane i heile sitt vaksne liv. 

«Stordøy» har henta betongpannene like ved fabrikkveggen i Årdal og frakta dei vidare til byggefirma med lager ved sjøkanten i Sandnes, Haugesund og Bergen. Tidlegare gjekk dei ein rundtur på vinterstid og to i sommarhalvåret når byggjeaktiviteten tok seg opp. I den seinare tid har det ikkje vore like travelt. 

- Trailerane klarte ikkje å konkurrera oss ut. 450 tonn eller 15 trailerlass kunne me ta med oss. Dermed var det plass til oss. Men det virka ikkje som om det er andre båtar som er klar til å overta denne farten. Nå går pannene frå Årdal på trailer. 

Sjølv om «Stordøy» er 38 år gammal, er den i god stand. Bøarane er kjende for å sjå godt etter båtane dei har hatt. Dei har ikkje hatt alvorlege uhell på dei åra dei har slingra seg langs kysten. 

«Stordøy» den fjerde blei bygd som «Fagerfjord» i Rognan ved Bodø. 

Bøen-familien eller Bøarane som dei sa i Ryfylke, har vore kjende fiskarar i fleire generasjonar. Gamle Edvard Bøen, bestefar til Edvard og Kjell, hadde skøyta «Forglemigei» og hadde med seg sønnene Ola, Erling, Bjørn (Bjødne) og Magnus på fiskeria. Seinare kjøpte dei dampsnurparen «Stordøy» og bygde også «Bøen senior».


Mange hugsar den fyrste «Stordøy» som lastebåt i
Sauda-ruta fram til 1978. 


Den fyrste «Stordøy» som fekk dieselmotor i 1951, gjekk over i lastefart då islandsfisket og storsildfisket svikta på slutten av 1950-talet. Den gjekk i mange år som lastebåt for Stavangerske mellom Stavanger og Sauda. 

Fiskeritradisjonane til Bøarane blir i dag ført vidare av Einar Bøen, sonen til Bjørn. Han er stadig aktiv med kystfiske båten «Bøen». 

Sonen til Edvard, Erling, er overstyrmann i eit havfiske-rederi frå Austevoll.

(Bilda til denne bloggen tok eg i 2011 då eg laga ein reportasje om «Stordøy». Den sto på trykk i Aftenbladet 1. mars 2011.)




  







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar