mandag 12. juni 2017

Tre skipskameratar på "Ombofjord".



Maskinist Torjus Halsne, styrmann Jone Helgøy og matros Åge Hauge.
Bildet tilhøyrer Lars Vaage.


- Kan eg få ta eit bilde av dokke?

Sonen til handelsmannen i Hålandsosen er ute med fotoapparatet sitt igjen.

- Kaffor ikkje?

Dei tre skipskameratane på "Ombofjord" stiller seg opp på dekket og blir fotograferte. Det er over 70 år sidan dette bildet blei tatt. Både fotografen og dei tre fjordabåt-folka er ute av tida. Båten også. Men bildet lever.

For unge Anders Vaage fekk bilde framkalla og limte det inn i album. Og han skreiv navna på karane under bildet: Torjus Halsne, Jone Helgøy og Åge Hauge. Det var tekst nok til å treffa meg og gjorde meg interessert.

Dette minneordet sto i Aftenbladet i
oktober 1962.




Maskinist Torjus Halsne blir aldri gløymt så lenge det lever folk som hugsar forliset til Stavangerske sitt hurtigruteskip "Sanct Svithun" i oktober 1962. Den 50 år gamle sjømannen frå Jøsenfjorden omkom og etterlet seg kone og seks barn.

Halsne var opprinneleg frå Halsnøy i Ryfylke. Då han kom om bord i Jøsenfjord-båtane, møtte han kvinna i sitt liv på fjordabåtane sin endestasjon, Vadla i Jøsenfjorden. Signe Berit var ei av døtrene til handelsmann Sven Gil.

I Aftenbladet sto det eit minneord om Torjus Halsne som var både tenkevekkjande og interessant. Den skuleflinke ungdommen frå Ryfylke hadde ikkje råd til å gå på dei skulane han gjerne ville. Dermed enda han på båtane.

Torjus Halsne var med i kommunepolitikken i Hjelmeland. Han skreiv også fleire lesarbrev i Aftenbladet. Kor Ryfylkevegen burde gå, hadde han synspunkt på og han skreiv om atomtrusselen som var eit viktig tema tidleg på 1960-talet også.

Styrmannen på bildet, Jone Helgøy, hadde ganske lang fartstid på Jøsenfjord-båtane. - Han var fødd i 1913 og  gjekk om bord i fjordabåtane tidleg på 1930-talet og arbeidde der til etter at krigen var slutt. Det meste av tida var han på "Ombofjord" der han tenestegjorde som matros, styrmann og avløysar-skipper, fortel sonen Odd.

Jone Helgøy hadde småbruk på Helgøy i Årdalsfjorden. I etterkrigstida var han på vintersildfisket i mange år. Frå 1959 arbeidde han på Stålverket på Jørpeland fram til han blei pensjonist.

Matros Åge Hauge frå Fister hugsar mange av oss som ein fargerik styrmann på "Hjelmelandsfjord". Han kjente mange og alle ville kjenna han. Ein kvikk replikk, eit skeivt smil og ein og annan skøyarstrek var varemerket hans.

I "Folk e løgne"-spalten i Aftenbladet sto det om den unge rekrutten frå Fister som avtente verneplikta si på Madla. Han var litt drøymande og fråverande i ein undervisningstime. - Tenkjer du på Fister, spurte kvartermesteren plutseleg. - Nei. Eg tenkjer på ei enka på Tau, svarte soldaten som seinare blei gift med ho som han tenkte på.

Kona var postopnar på Tau. Hausten 1960 gjekk Åge Hauge i land frå "Hjelmelandsfjord". Resten av sitt arbeidsliv var han landpostbod på Strandalandet.

"Ombofjord" festpynta i Hålandsosen 17. mai 1948.



10. desember 1951  gjekk "Ombofjord" på land på Låvaneset på Ombo i tjukk skodde på veg frå Foreneset til Jørstadvåg. Der blei båten ståande på land lenge nok til at passasjerar og mannskap greidde å berga seg på land over baugen. Etter ein times tid gleid båten av grunnen og sokk. Skadene var så store at båten blei kondemnert.

Årsaka til at skipperen feilnavigerte, var visstnok ei lommelykt som låg for nære kompasset som dermed blei heilt misvisande.

"Ombofjord" var bygd som dampbåt i Gøteborg i Sverige i 1883 og gjekk med navnet "Ole Bull" som rutebåt i fjordane nord for Bergen i mange år. Jøsenfjord-selskapet kjøpte båten i 1924. Då blei dampmaskinen skifta ut med ein semidiesel.

"Ombofjord" var ein god isbåt og blei mykje brukt i Erfjord-ruta. I foto-albumane etter Anders Vaage er det fleire bilde av båten.

"Ombofjord"  frå ein litt annan vinkel ved same kai. Fotograf: Anders Vaage.
Bildet tilhøyrer Lars Vaage.





























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar