tirsdag 7. juni 2016

Kjempar mot latskapen med kvitmaling

Hagagjerdet skal malast i sommar. Håpar å vera ferdig
før moltå er blaute.

Heile mitt liv har eg ført ein evige kamp mot min eigen latskap.
Dei fleste gongene har eg tapt. Eg er ingen vinnarskalle, som dei seier så kjekt i dag.

Kvitmaling av stakittgjerdet på hytta på Hjelmeland er eit av mine etterkvart mange ufullendte prosjekt. Eg malar litt, men så blir eg lei. Så stoppar eg for å tenkja litt. Eg tenkjer mykje, men tankane gir meg sjelden meir energi og arbeidslyst. 

Nå sist søndag reiste eg frå kånå i byen. Det var jo flott malevêr. Viss eg peiste på med penselen på søndag kveld og måndag føremiddag, ville vel det mesta av hagagjerdet vera påført eit strøk maling før juni er forbi.

Det var eit strålande malevêr. Eg begynte å gjera meg klar. Skifta til malarbuksa og ei malingstilgrisa t-skjorte. Malingsspannet og kosten sto klar i kjellaren. Men eg hadde gløymt å ringja til kånå og seia at eg var kommen velberga fram til Hjelmeland.

- Du skal vel ikkje begynna å mala i det fina solskinnet. Nyt sommaren, sa kånå.

Slik kan ei tankelause kåna øydeleggja alt. Kaffor skulle eg svetta og mala på denne varme, fine søndagen? Av prinsipp er eg for å halda kviledagen heilag. Og når eg frå hagastolen på hyttå ser rett bort på kyrkja der eg er både døypt og konfirmert, kan eg jo vera litt finslege og andektige av og til. Eg sat i sola og tenkte på kvitmaling til sola forsvann bak Ombo. 

Mandag morgon tok eg meg sjøl i nakken. Tidleg på føremiddagen var eg i sving. Arbeidet gjekk lett. Eg tenkte på navngjetne kunstmalarar mens eg klinte maling på trefjølene. Det såg lovande ut.

Men så kom Einar Helgaland. Han ville drøsa. Og han gav klart uttrykk for at han tykte det var totalt meiningslaust å laga seg til med kvitt hagagjerde. Han om det. Men me drøste om allslags gammalt og nytt. 

Etterkvart begynte eg å mala medan samtalen gjekk. Eit spørsmål gjekk me nøye inn  i. Bestefaren til Einar vaks opp på fjellgarden Helgaland mellom Kleivaland og Trodla-Tysdal. Han hadde litt av ein veg når han skulle til Hjelmelandsvågen for å gå for presten. - Eg trur han sto opp yrtidleg og gjekk til Tøtlandsvik og rodde derfrå til Hjelmelandsvågen og var der i ni-tida på dagen. Eg trudde han gjekk over heia til Hjelmeland. Me drøfta dette spørsmålet fram og tilbake medan eg malte. 

Hagagjerdet vårt ligg ut mot Burmaveien. Her er det ein viss trafikk på ein måndag føremiddag. Ikkje alle bilførarane har det like travelt. 

Der kom han Jone K. Kvame og kona Kari kjørande. Han stoppa då han såg meg. Han smilte og skein som ei sol. - Nå blømme moltå i heiå, sa Jone K. 

Eg har sju år gammale molta i fryseboksen. Resten av familien min er heller lunka til dette moltestyret. Likevel må eg av garde på moltå uansett.  

Om seks-sju veker kan det vera blaute molta i heiå. Viss eg ikkje er ferdig å mala hagagjerdet til den tid, spørst det koss det går med malingsarbeidet. Neste år kan eg ha to år gammale maling i kjellaren.

Eg missunner alle folk som boblar av arbeidslyst!












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar