torsdag 29. februar 2024

Johannes Hauen - ein spreking på treskor med eige kraftverk på garden!



Johannes og Anna Mæland med ungane Olga 1917, Inger 1919, Paul 1922, Nils 1926
 og Andres 1932.


An Johannes Hauen var ein spreking av dei sjeldne, bonde og byningsmann. Han gjekk på dei høgaste mønespirene og slindrene på løebygga til han var ein gammal mann. Høgdeskrekk hadde ikkje den karen. Reine balanse-kunstnaren i tillegg.


Treskorne hadde han på føtene alltid, både hima og i heiå. Ikkje heilt alltid, forresten. Han brukte labbar når det var vinterføre.


Ein ting visste eg ikkje om Johannes P. Mæland som var hans offisielle navn. Haua-mannen var den fyrste som hadde innlagt straum i Vormedalen i Hjelmeland. Så tidleg som i 1922. Eigen kraftstasjon på garden. Her blei det produsert ein kilowatt med likestraum.


Garden på Hauen slik den ser ut i dag. Den ligg høgt og fritt over bygda. Paul 
Geir Mæland har garden i dag,



Johannes bygde kraftverket sitt i bekken som gjekk forbi garden. Det var enkle greier. Vassrøyra, av støypejern låg oppå bakken og turbinvatnet blei til is når kjølen kom. Då var det ikkje lys i dei få pærene i huset. Eg veit ikkje kor lenge dette kraftverket var i bruk. På 1950-talet kom det kraftstasjon på Fossane. Frå dette verket fekk dei straum etterkvart på Hauen også. Men den gamle kraftstasjonen blei ståande i ein god del år etter at den gjekk ut av bruk.



Hauen var eit brattlendt og arbeidskrevande småbruk. Drifta gav ikkje inntekt nok til å fø kone og fem ungar. Johannes var bygningsmann og snikker. Han bygde både løer og heimahus. Og var sagmeister i bygda i tillegg.


Johannes var vegvaktar for Kleivalandsvegen. Notis i Aftenbladet 9-12-1925.



I sine yngre dagar var han heiegjetar. Han løyste mange sauer som hadde gått seg fast i fjellet.


Ei tid i var han vaktmann for Thv Heiberg i Bykleheiane. Der blei han ein gong funnen bevisstlaus av folk frå Bykle. Han blei frakta heim om Kristiansand. Han kan ikkje ha fått mykje mein av dette uhellet så spretten som han var i alle år.


Ein ivrig jeger var han også. Både heime og i heiå. Børsa låg alltid klar på kommoden ved døra i gangen.


Som gutunge opplevde eg jegeren i fri utfoldelse. Eg gjekk ærend frå Laugaland til Hauen ein føremiddag og var på veg opp mot husa på garden. Då kom det eit kraftig smell. Plutseleg høyrde eg mannfolk-brumming litt lenger oppe mot fjellet. Det var Johannes som kom nedover nedover med børsa i handa. Han hadde skote etter ein rev og bomma.


Eg var også med han heim til Hauen fleire gonger når han hadde vore på Laugaland med hest og kjerre. Då fekk eg overta taumane og "kjøra" hesten. Veldig stas. Hauamaen som han også blei kalla til dagleg, hadde godt lag med hesten som heitte Helga. Ho var godt opplært og fungerte omtrent som ein sjølvkjørande bil sikkert kan gjera i våre dagar. Den gjekk oppover vegen åleine og stoppa på faste stader og venta på eigaren.


Han stolte blindt på hesten. Ein haust då han var i Dyraheiå, la det seg til med tjukk skodd. Johannes sette kløva på hesten og gjekk heim utan å sjå meir enn to meter framføre seg. Ikkje noko problem. Han tok eit godt tak i halen på Helga og følgde på i hestespora. Hesten visste vegen heim til Hauen.


Johannes P. Mæland døydde i 1969, 86 år gammal. Ein gild mann som me hugsar med glede.


Omtalen i Aftenbladet 17. januar 1969.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar