onsdag 23. april 2025

Kan ikkje velja ein pizza-pave!

 

Kardinal Pierbattista Pizzaballa, årgang 1965, er heit 
kandidat til å bli ny pave.



Dette er ikkje løye lenger.


Pizzaballa skal vera ein av dei heitaste kandidatane til å bli ny pave, les eg i Dagbladet i dag. Hans fulle navn er Pierbattista Pizzaballa.


Sjøl om min religiøse aktivitet begrensar seg til å vera eit ganske passivt medlem i statskyrkja, kan eg ikkje la vera å interessera meg for det kommande pavevalet. Dette er spennande avisstoff.


Eg reagerer ikkje så sterkt på navnet. Han er jo italiensk, må vita. Det er alderen som gjer han uaktuell i mine auer. Han er fødd i 1965. Den nyleg avdøde pave Frans var fødd i desember 1936. Han var to månader eldre enn Kong Harald og vaksen. Denne Pizza-mannen er 29 år yngre.


For meg som er fødd i 1949, er folk som er fødde i 1965 for barn å rekna.


I mitt yrkesliv fekk eg med meg eit år som lærar på Vinjar skule i Suldal. Dette var vinteren 1975 – 1976. Niandeklassingane dette året var fødde i 1960. Eg blei klassestyrar for fjerdeklassen. Dei var av same årgang som pavekandidaten: 1965.


Rett nok har det gått ein del år sidan dette skuleåret. Men eg har vondt for å akseptera at desse ungane også må reknast som vaksne i dag. Det er alt ein del år sidan eg fekk kjeft av ein av dei tidlegare elevane mine i baren på Hotel Atlantic. Heilt utan grunn hadde eg kasta han på gangen, meinte han.


Eg kunne ikkje hugsa denne episoden. For meg var dette ein engasjert guttunge som likte å syngja når det baud seg ein sjanse. "Nyss munde det regna så såre, og det dryper av tre og av runn." Dette var favoritt-songen til denne guten, minnest eg.


Du får slike grusomme påminningar om koss gammale du er blitt, av og til.


Det same skuleåret fekk eg av alle ting ein time i veka med maskinskriving valfag. Til den tid hadde min kontakt med skrivemaskinar vore svært begrensa. Eg melde meg på skrivemaskinkurs på Sand og låg dermed ein leksjon før elevane mine i læreboka heile vinteren. Det var mest jenter, årgang 1961, som valde maskinskriving. Dei sat roleg i timane og var greie mot den ferske læraren. Av og til slår eg meg på brystet og fortel at eg har lært ein tidlegare vara-ordførar i Suldal touch-metoden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar