lørdag 21. februar 2026

Kuppern og 15.46.6. Ingen suksess på bedehuset!

 


Knut Johannesen i rekord-løpet i Squaw Valley. Foto: NRK.




Ikkje til å tru! 15.46.6 i Squaw Valley. Her hadde eg vakse opp til ein moden alder på 11 år med Hjallis sin uslåelege verdensekord på 10.000 meter på 16.32.6. Så slår vår alles Knut Johannesen til med den heilt utrulege tida under 16 minutt.


Eg gløymer det aldri. Dette skjedde den 27. februar 1960. På ettermiddagen norsk tid. Med øyra heilt inntil høgtalaren på den gamle Telefunken-radioen følgde eg skøytehelten runde for runde der han skeiste i tynne luft i California.


Han hadde vore den store helten min heilt sidan han blei verdensmeister i skøyter i Øresund i 1957. Dei spelte "Ja, vi elsker" i radioen. Eg fekk så store klump i halsen at stemmen brast då far min kom heim rett etterpå og spurte koss det hadde gått med Knut Johannesen.


Han blei den store idrettshelten min, Det var lika sterkt kvar gong han vant og fekk senda helsing i radioen heim til kjærasten  Anne Lise og mor og far på Kampen.


Trur du ikkje at han dukka opp på Dagsrevyen her for eit par dagar sidan. Han er fødd i 1933 og blir 93 år nå. Akkurat like seg.


Vormedalen bedehus. Foto: Morten Hetland.



Det var basar på bedehuset hima i Vormedalen denne laurdagskvelden. Sjømannsbasar. Då kom det ein sjømannsprest og heldt andakt og fortalte om livet i dei store havnene i verda. Bedehuset var det einaste forsamlingshuset i himbygdå mi. Basarane var det mest lettsindige som føregjekk der.


På basarane tok me lodd for 25 øre pr. stk. Vanlegvis skreiv dei navnet  inn i loddboka. Denne gongen gjorde eg noko utradisjonelt. Eg brukte dei få kronene mine raskt og der hadde eg fått loddskrivarane til å notera vekselvis Kuppern og 15.46.6 i staden for navnet mitt.


Eg sat med stive øyrer då trekninga kom. Dei trakk ut den eine gevinsten etter den andre. Men kor blei den ferske verdensrekorden og skøytehelten av?


Eg luska tomhendt heim frå bedehuset. Men Kuppen og verdensrekorden hadde eg trygt med him.


Rekorden blei jo ikkje så gammale som eg trudde. Seinare fekk skøyteløparane nylontrikot og juks. Til og med klappskøyter. Det blir ikkje det sama. Ingen slår Knut Johannesen i Squaw Valley. Lyrikaren Olav H. Hauge skreiv dikt: "Kuppern skrid i Squaw Valley". Ingen slår den.





fredag 13. februar 2026

«Lysefjord» sin ukjente slektning i Sverige

 

"Tranan" ved kai i Stockholm. Foto: Kjell Magnar Stangeland.



Bang! Der gleid det ein passasjerbåt over havna i Stockholm, full av turistar. Men den var forferdeligt like på gamle «Lysefjord». Omtrent dei same kjente linjene.


Eg sat heilt avslappa i godstolen her på onsdagskvelden og såg på eit engelsk program om koss godt me har det i Skandinavia då eg plutseleg oppdaga denne båten.

«Lysefjord» har eg skreve om fleire gonger på Jonebloggen. Denne båten blei bygd i Danmark i 1933 for å gå i trafikk over Øresund mellom Malmø og København. Den fekk navnet «Gylfe» Då krigen kom i 1940, gjekk den i opplag. I 1946 kjøpte Høgsfjord Rutelag båten og gav den navnet «Lysefjord». Jøsenfjord Rutelag kjøpte søsterskipet «Gylfe» som fekk navnet «Årdalsfjord». Denne båten fekk eit kort liv i Ryfylke. Den blei seldt til Bergen der den gjekk i mange år med navnet «Askøy». «Lysefjord» derimot blei gåande som rutebåt i Ryfylke heilt fram til 1981. Seinare blei den partybåt i Oslofjorden.

Den sokk ved kai i Oslo for nokre år sidan og er opphoggen nå.


"Lysefjord" ved kai i Lysebotn i 1979. Her har den fått nytt styrehus og bildekk. 
Foto: Geir Sveen.



Dette uventa synet av ein «Lysefjord»-slektning tok nesten nattesvevnen frå meg. Eg gløymde både OL og Epstein. Kven kan eg kontakta for å finna ut av dette?


Neste dag ringde eg til Kjell Magnar Stangeland på Forsand. Han har vore hurtigbåt-kaptein på Lysefjorden i aldri så mange år og er levande interessert i fjordabåtane som har gått i desse rutene.


?Vett du ka? Eg sat på ein sightseeing-buss i Stockholm og oppdaga plutseleg denne båten. Eg hoppa rett av bussen og fekk tatt bilde av den, fortalde Stangeland.


På bildet var det navn på båten og dette sende han over til meg saman med bilde av fleire kjenningar frå Ryfylke som har gjort svenskar av seg. «Lysefjord»-slektningen hadde nå navnet «Tranan».


Når eg fekk navnet, var det berre å googla i veg: «Tranan» blei bygd i 1935 i Helsingør for Dampskibsselskabet Øresund. Etter krigen blei det seldt til den danske marinen og fekk navnet «Kongedybet». I 1970 havna båten i Stockholm og fekk navnet «Tranan» . Etter det har den gått i chartertrafikk på Mælaren og i Stockholms skjergard.


"Tranan" havna i Stockholm i 1970.



«Lysefjord»var bygd i Odense i 1933. Begge båtane hadde Tuxham maskiner. «Lysefjord» fekk seinare Wickmann-maskin. «Tranan» fekk Volvo Penta maskin. Begge båtane tilhøyrde det same rederiet: Dampskibsselskabet Øresund.


Her endar mi "hurtig-forskning". Viss nokon har meir kjennskap til desse båtane og Øresund-trafikken, er eg glad for fleire opplysningar. Eit spørsmål: Kvifor blei ikkje desse båtane sett inn i Øresund-trafikken etter krigen?


Kommentar på Facebook:


Torstein Randa

Eg la og merke te den båten så ligna sånn på Lysefjord (og Årdalsfjord)! Styste forskjellen var vel at denne var oppbygde på baugen. Blei noge finare med det.
Tuxham motoren i Lysefjord hadde fast propell og gear. Denne var der noke problemer med, ville vist ikkje alltid bakka når han sko. Lysefjord gjekk te Rubbestadneset for full øvehaling av motoren. Då blei sylindrar toppar og stempler bytta ut med 40 Rubb greier. Gearet blei fjerna og den fekk Wichmann omkastsystem.
Dette fungerte vist greit, te det oppsto sprikker i ramå på motoren. Trur den klart og gå te Rubben igjen for egen maskin. Då fekk an nye motor, det som nogen har kalt Wichmann sitt forsøk på å laga noke lettbygd, 4DCT.
Det så var noge naude, var at akkurat på denne tid brakk veivakslingen i Høle, den einaste skikkelige båten Høgsfjordselskabet hadde.
Då var der ikkje penger te nye motor i den. Dermed gjekk den beste båten te opphogging. (Men styrehuset blei jo som kjent satt øve på Jøsenfjord).









tirsdag 3. februar 2026

Øybuane finn ikkje gullet!

 

Her gøymer Randulf og drengene gullet. Sjå månestråla midt i nøklaholet. Teikning av
Svein Skarbøvik.


Kor har desse øybuane vore i alle år? Ingen av dei har greidd å finna den store gullskatten på holmen rett over sundet frå Skartveit. Dette burde jo vera enkelt for eit menneske med tak i. Heilt klart at det må vera noko i det. Det heiter ikkje Gullholmen for løye.


Eg skal dra til næraste bokhandel og kjøpa meg almanakk. Oppskrifta er enkel: Når det er fullmåne klokka 12 om natta, skin månen rett inn i nøklahålet på gullskrinet. Då er det jo berre å setja seg til inne på Halsnøynå på ein høveleg plass og studera månalyset. Det blir ikkje mange netter før eg har funne gullet.


Dette har dei gått rundt og visst ute på øyane i aldri så mange år utan å ha funne skatten. Det er berre ei vekes tid sidan eg blei klar over denne gullskatten.


Ei svær historiebok frå øyane.



På julafta trudde eg det var nokon som ville halda hekkan med meg og hadde pakka inn ei betonghella i julapapir og lagt den under julatreet.


Men veit du kva det var? Eit svært marakkel av ei bok: Historia om Finnøy, Fogn, Talgje, Halsnøy, Bokn og Byre, sto det utanpå permen på boka som eg fekk av sonen min, Bjørn.


Det kan heilt sikkert seiast mykje rart om meg, men finnøybu er eg ikkje. Rett nok har eg vore på øyane både nå og då og eg skal ha ei oldemor som kom frå Varland på Fogn til Svadberg i Årdal i si tid. Men elles er eg heilt uhilda. Men eg kjenner forfattaren, Birger Lindanger, slik passeligt. Han studerte i Bergen samtidig med meg.


Den sværa og uhamsliga boka blei liggjande uåpna til over nyttår. Men då gjekk eg til verks. Eg åpna boka og starta: Men det er ikkje "sex and crime" som er tema i denne boka. Den startar med dei fyrste istider for aldri så mange tusen år sidan og arbeider seg sakte, men sikkert utover. Eg har begrensa meg til to-tre sider kvar dag. Og det gjekk minst ei veka før mine heimtrakter kom ut or isen.


Kan du tenkja deg? Dei dreiv med reinsdyrjakt i hundrevis av år der ute på øyane. Dette trudde eg var eit spesialfelt for oss som var skikkeligt innante. Tomater og agurker var meit passande for dei etterkvart.


Så var det dette gullet. I si tid hadde dei sin egen konge på Halsnøy. Kong Randulf. Det er berre så vidt eg trur det. Men han drog på vikingferd til Skottland og røva med seg ein mengde gull heim igjen. Det likte ikkje dei gjerrige skottane. Dei kom setjande etter han for å få tak i verdiane sine. For å berga gullet plasserte han det i eit skrin og grov det ned på det som seinare er blitt heitande Gullholmen.


Gulholmen sett frå Skartveit (Foto: Seilmagasinet)



Og så var det dette med månen og nøklahålet og så vidare.


Skottane kom til øyane slo Randulf i hel i Engjavigå på nordsida av Halsnøy, står det i boka. Men gullet fann dei ikkje.


Dei var någen sobeleistar desse småkongane frå Finnøy. Trur du ikkje dei var med på å ta livet av Heilag Olav på Stiklestad. Ein som dei kalla Aslak frå Finnøy var ein av leiarane. Ikkje rart dei er blitt så kristelege på Finnøy i nyare tider.


I denne kjølen får eg halda fram å lesa i øya-historia. Når det mildnar, skal eg studera almanakka og finna ut akkurat retta øyeblikket for å finna nøklahålet på Gullholmen.


PS. Ein kritisk merknad. Etter mi meining er det litt for mange korrektur-feil i den elles flotte boka. DS.