tirsdag 16. desember 2025

Aidensfield – superkriminell landsby med tøffe politifolk og vakre kvinnelege legar

 


Tre gonger til dagen kan du sjå på livet i Aidensfield på NRK 2.



Nå er det gått for vidt. Dette hersens NRK har snart gjort det umuligt for meg å ringa til kompisane mine. Av ein eller annan grunn har eg fått så mange gubbar i 70-åra i bekjentskapskretsen. Og dei ser Aidensdfield på TV. Tidligt og seint.


Her ein føremiddag skulle eg ringja til ein av desse karane. Det er han eg pleier å ta kontakt med når eg lurer på eit eller anna om bil.


- Hallo, sa han då han endeleg tok telefonen. Eg høyrde støy i bakgrunnen. - E du oppteken, spurte eg. - Ja. Eg ser på Aidensfield, var svaret.


Det gjekk ikkje betre då eg ringde til ein av firmenningane mine inne i fjordane i åtte-tida her ein kveld. Han var djupt inne i ei kriminalgåte frå Yorkshire-bygdene i England. Nå???. NRK 2 hadde jammen Aidensfield på programmet klokka åtte om kvelden også.


Tre gonger i døgnet viser statskanalen bygda-krim frå England.


Eg skal innrømma at eg også får meg ein dose med Aidensfield i fem -tida rett som det er. Men nå begynnar det å bli nok.


Det må vera nesten 20 år sidan NRK begynte å visa serien "Hjartet på rette staden". Politistasjonen, småkjeltringar og puben i landsbyen Aidensfield i Yorkshire i England står sentralt i denne serien som skildrar livet her i 1950-åra. Som bil-interessert i yngre år blei eg sjarmert av å sjå på bilparken. Ein mengde ulike engelske bilar kjørte rundt heile tida.


Men i dette som er ein serie frå det som eg trur er fredeleg engelsk landsbygd, utspelar det seg ei endelaus rekke av kriminalitet av meir eller mindre alvorleg karakter. Kvar veke er det ei ny gåte som blir presentert.


Dei fyrste åra viste dei ein ny episode kvar veke. Og eg såg at politisjefane og dei kvinnelege distriktslegane kom og gjekk.  Men ein del figurar  har halde koken.


Trufast sat eg og såg. Lenge.


Nå er eg metta. Eg har sett nok på dei unge, staute politimennene som kjører rundt på motorsykkel eller klemmer seg inn i ein trang Ford Anglia med blålys på taket! Koss sannsynleg er det at alle vakre lege-kvinner på død og liv vil ut på den engelske landsbygda? Og at puben er møteplassen kvar einaste kveld for legar, politi og røvarar?


Og desse episodane er ikkje ferskvare. Eg har sett dei før. Kaffor blir dei sende om og om igjen. Tre gonger om dagen. På denne måten heftar statskanalen vekk gamle gubbar som skulle vore i uthuset og kløyvd ved eller hjelpt kona med oppvasken.


Det hender rett som det er at eg blir sitjande å sjå på dette på ettermiddagen medan eg ventar på Dagsnytt 18. Men nå skal eg prøva å kutta det ut. Me får sjå.


For tida likar eg betre nye dyrlegar!