tirsdag 30. september 2025

Fortaua er blitt farlege for fotgjengarane!

 

Ikkje så lett å gå for oss eldre. Berre så du vett det, kommune.



Fortaua er blitt mykje farlegare enn før. Iallfall desse gang- og sykkelstiane. Før ein stakkars gamling veit ordet av det, kan han liggja strøken på bakken, invalidiserte for alltid. Du må ikkje flira. Dette kjem frå ein gammal fortausgjengar. I gamle dagar kunne du gå trygt av garde utan å vera redd for å komma ut for alvorlege hendingar. Heilt forandra i dag.


I dag har syklistane tatt seg til rette der fotgjengarane rådde før. Trøsyklar og elsyklar er overalt. Og dei bryr seg ikkje alltid om dei er på høgre eller venstre sida av gata. I enkelte gater i byen vår er det laga eigne raudmalte sykkelfelt. Av og til er det syklar der også viss syklistane finn det for godt å kosa seg der.


Sylistane er overalt i dag.



Mange gonger kjører dei slalåm mellom fotgjengarane. Og farten kan vera ganske høg. For å sikra meg har eg lært meg til alltid å snu meg og kikka bakover før eg skiftar side på fortauet dersom eg møter nokon som eg skal passera. Tryggast slik. Så har du desse elsparke-syklane. Dei er eg livredd.



Ungdommane brukar sparkesykkel til bussen.



Heldigvis er enkelte av desse syklistane så hensynsfulle at dei gir lyd frå seg når dei kjem bak frå. Då veit du at det er på tide å passa seg.


Eg møtte ein gammal kjenning for ei tid sidan. Han kom kjørande i ein elektrisk rullestol i det raude sykkelfeltet på feil side av gata. - Du kjøre på galne sida, sa eg til han. - Men eg føler meg tryggare når eg ser dei som kjem mot meg, innvendte han.



Ikkje lett å vera eldre fotgjengar i dag.



I avisa les eg at viss folk hadde vore flinkare til å gå, ville det spara helsevesenet for mange pengar. Det trur eg er rett. For min del begynte fotgjengeriet mitt for mange år sidan då eg var i arbeidslivet og blei innkalla til bedriftslegen. Han fann ut at blodtrykket mitt var altfor høgt. Dermed begynte eg å gå på jobb. Førti minutt kvar morgon. Til og med når eg begynte klokka seks, gjekk eg.


Neste gong eg møtte bedriftslegen, var blodtrykket vekke.


Min konklusjon: Viss kommunen og di vil spare inn på utgiftene til helsevesenet må dei rydda opp på fortaua. Er dette svenske tilstandar eller er dei berre typisk norske?



Tekst til trøyst.


Kommentar på Facebook: 

Bjørn Aage Krane
Du har så rett, Jone! Jeg skjønner ikke hva myndighetene tenker på når de oppmuntrer og legger til rette for disse sparkesykkelen. En ting er at de er en fare for de mykeste av trafikantene. Kanskje enda verre at de virkelig er en både kort- og langsiktig risiko for dem som bruker syklene. Ulykke er en umiddelbar risiko, dårligere helse venter i det lange løp.
Jeg kan ikke forstå at ikke Stavanger vil følge i sporene til København og Paris, og sikkert andre store byer, og forby utleie av elsparkesykler. Det vil koste oss alle dyrt i fremtiden at ungdom tilbys denne muligheten til å la være å gå.


lørdag 27. september 2025

Ein sommar med Reidar rundt huset

 

Den gamle mannen og roboten.



Reidar er navnet hans. Eg er blitt svært oppteken av han. Kånå er litt sjalu nå og då. - Koss skal dette enda? Du må ikkje gløyma meg, seier ho.


Reidar er ein robotklippar. Den kom til oss i vår. Eg var i mange år ein intens motstandar av den slags nymotens greier. I si tid var eg ytterst skeptisk til plenklyppar. - I min barndom på Laugaland var det ingen som hadde plen, sa eg då kånå og meg fekk oss vårt fyrste hus med tilhøyrande grasflekk, såkalt plen ut forbi huset.


Sjølsagt blei det plenklyppar, både ein og to med åra. Men det gav meg aldri den heilt store gleda å skubba og dra på den greiå.


Det galnaste av alt. Då me på våre gamle dagar arva eit bittelite hus på Hjelmeland med tilhøyrande villniss av ein hage, blei det etterkvar rydda og stelt utforbi og der blei det også plen av alle ting. Eg presterte å kjøpa eit monstrum av ein motorklyppar som er den mest støyande maskin som dei nokon gong har høyrt gjete på Hjelmeland.


Eg har ikkje vore høg i hatten når eg støya over graset med maskinen når det var nødvendig. Stakkars naboar. Kånå ville ha marakkelet vekk. Eg nekta så lenge den virka. - Me kan ikkje kassera ting som er fullt brukande, protesterte eg.


Men den eine våren kom, etter den andre. Og klipparen starta like lett. Rett og slett ein skuffelse. Alle som me kjende hadde skaffa seg robotklippar, mens me brumma rundt innpå Hjelmeland med marakkelet vårt.


Denne våren bestemte me oss. Monstrumet enda hjå ein mekanisk interessert kjenning i Jøsenfjorden. Sonen vår, Bjørn, fekk fullmakt til å skaffa oss ein robotklippar. Han tok seg av installasjon og heile greia. 

Dei unge har så mykje lettare for den slags enn me gamlingar som vaks opp i ein analog verden.


Min nye nettvenn fortel alt om seg sjøl.




Plutseleg begynte den å svinga seg på plenen, Reidar robot, som me kalla den. Graset var litt høgt då den kom i arbeid. Men du skulle sett koss den svinga seg rundt og fekk jamna graset til ein brukande fin plen.


Eg blei djupt fascinert. Sto og såg i timasvis. Kånå trøysta seg med at dette ville gå over. Men eg er svært oppteken ennå.


For det er ikkje berre ein grasklippar. Den er på internett. Den nye nettvennen min kan eg fylgja kor eg er henne. På mobilen ser eg ka Reidar drive med. Om den slår gras eller ladar batteriet. Den melder også frå når den er på veg ut eller inn.


Alt er laust når Reidar melder at han er fråkopla og eg er i byen. Då ringjer eg sonen og ber han om å gå innom og sjå kva som er gale. Når han ordnar opp, blir alt fryd og gaman igjen.


Nå er det snart på tide for Reidar å gå i hi. Kor skal eg gjera av den når frosten kjem? Den må lagrast på ein god plass. Heldigvis har eg yngre krefter som kan hjelpa meg.


Reidar melder frå om kva han steller med. 



mandag 15. september 2025

Havna «Tre Måker» på Madagaskar?

 


"Tre Måker" på Bokn i 1968. Foto: Stavanger Aftenblad".


Stor stas i Haugesund laurdag 3. mai 1964 då den flunkande nye bilferja «Tre Måker» blei overlevert til Jøsenfjord Rutelag. Ferja var bygd ved Brødrene Lothe, Flytedokken og Haugesund Slip. Sjølv om Jøsenfjord Rutelag i Stavanger sto som eigar var den frå fyrste dag utleigd til Haugesund Dampskipsselskap. Den blei sett inn i dagruta mellom Haugesund og Stavanger to dagar seinare. I 1968 blei Haugesund Damp eigar.


Dette bildet av "Alize", ex "Tre Måker" fann eg på nettet. Fotograf ukjent.



Då ferja blei bestilt, var det planen å setja den inn i fart på Jøsenfjorden. På den tida verserte det planar om å byggja ut kraft-anlegget Ulla-Førre med tilhøyrande vegbygging mellom Jøsenfjorden og Setesdalen. Leiinga i Jøsenfjord Rutelag såg føre seg at dette ville føra med seg stor turisttrafikk mellom Ryfylke og Setesdalen. Dermed blei ferja med plass til 30 bilar og 462 passasjera bestilt.


Etter ei tid blei desse utbyggingsplanane skrinlagde og dermed ville det ikkje bli bruk for den store ferja innerst i Ryfylke.


Haugesunds Dagblad 4. mai 1964.



«Tre Måker» gjekk trufast mellom Haugesund og Stavanger fram til 1972 då dette sambandet blei nedlagt. Trafikken gjekk nå over til riksvegsambandet over Skudeneshavn.


«Tre Måker» fekk ord på seg for å slingra mye i høg sjø, men den hadde ikkje problem med å gå ruta i all slags vêr og bilane på dekket blei surra godt og kom uskada fram. Då Stavangerske fekk si nye ferje «Tungenes» i 1966, slingra den like mykje og fekk tilnavnet «Gyngenes» mellom dei faste brukarane.


Nå blei ferja seldt til Åland. Dei nye eigarane gjorde navneskiftet enkelt for seg sjøl. Nå blei navnet  «Tre Måsar».


I 2005 noterte eg at ferja då tilhøyrde eit rederi i Kingstown på St. Vincent i Karibia og hadde fått navnet «Viking Alize».


Slik såg det ut på nettet i dag.



I dag søkte eg på nettet og der ser det ut til at den nå 60 år gamle ferja stadig er i drift. Nå under navnet «Alize» og med flagg frå Madagaskar.


Eg tek gjerne mot opplysningar og kommentarar frå dei som har noko på hjerta i denne saka.