![]() |
Blodbøken viser godt igjen på kyrkjegarden på Hjelmeland. |
Du har heilt sikkert sett den. Viss du har vore på Hjelmeland. Den svære blodbøken som står midt på kyrkjegarden nokså nære minnesmerket over dei tre hjelmelandsbuane som fall i krigen.
Trudde du dette treet hadde noko med denne krigsgrava å gjera? Langt i frå. Denne blodbøken var planta før nokon hadde drøymt om at det skulle bli ein krig som også folk i Hjelmeland skulle få merka på livet.
![]() |
Den piperøykande prosten tok bildet med sjølvutløysar. Bildet frå bygde- boka for Hjelmeland. |
Bøketreet blei planta ved gravsteinen til Jakob Aafoss, den gamle og respekterte prosten som blei gravlagd på Hjelmeland i 1937. Han døydde då han var 91 år gammal. Frå 1902 til 1920 var han sokneprest i Hjelmeland og seinare prost i Ryfylke. Han busette på Hjelmeland som pensjonist og blei seinare mykje brukt både som preste-vikar og føredragshalder.
Aafoss var ein mangfoldig mann. Fotografering var ein av hobbyane hans. I bygdeboka for Hjelmeland er det eit bilde av den piperøykande presten. Han var sjøl fotografen. Dette ordna han med sjølvutløysar. Det finst fleire bilde av den skjeggete mannen med pipe i lokalhistoriske bøker.
Dette var ein romsleg prest. Før hans tid hadde det oppstått ein isfront i kristenflokken i bygda. Lekpredikanten Svend Foldøen og Kinamisjonen fekk ikkje bruka korkje bedehus eller kyrkja til sine møte. Dei måtte greia seg med private heimar. Men Aafoss åpna kyrkja for "Foldøyen" og blei dermed godt likt også av den delen av kristenfolket.
![]() |
Gravstøtta er prega av det tette forholdet til bøketreet. |
Eg ser ikkje for meg at det var planen at denne blodbøken skulle bli så svær og dominerande på kyrkjegarden som den er i dag. Viss du går opp til treet, så ser du at den beskjedne gravsteinen til Jakob og Hanna Aafoss står så tett opp i trestammen at den er blitt både skakk og skeiv.
I dag er det vel knapt nokon mellom oss som hugsar Jakob Aafoss, men fleire av borna budde på Hjelmeland i all si tid. Eg hugsar Arne Aafoss som døydde i 1955.
Men alle dei som har orka og lesa gjennom denne bloggen, kan nå senda ein tanke til den populære og piperøykande presten når dei kjører eller går forbi kyrkja og kyrkjegarden på Hjelmeland,
![]() |
Frå Aftenbldet desember 1972. |
Det løgnaste er likevel at du kan senda ein tanke til Aafoss om du fêr forbi på svarte natta også. For flomlyset på den kvitmalte kyrkja er kosta av Aafoss-pengar. Dette oppdaga eg då eg rota gjennom gamle aviser for å finna stoff om presten.
Aftenbladet skreiv rett før jul i 1972 at fru Dina Berg i Porsgrunn, arving etter Jakob Aafoss, hadde gitt pengar til Hjelmeland sokneråd slik at ein kunne setja opp flomlys på kyrkja.
Jakob Aafoss var fødd i 1846. Han var prest frå 1878. Dei fyrste seks åra i Leka i Trøndelag, seinare i Lund i Rogaland og Overhalla i Trøndelag før han kom til Hjelmeland i 1903.
Kommentar på Facebook:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar