![]() |
Bjarne Valskår og gyngestolane hans blei vidgjetne og omtalte i Aftenbladet både nå og då. Foto: Christian Fougner. |
Bjarne Valskår heitte ein mann. Han budde på ein avsidesliggjande gard i Suldal kommune høgt oppe i ei li med panorama-utsikt over Hylsfjorden. Småbrukar og arbeidsmann. I yngre dagar hadde han farta rundt både her og der og teke seg arbeid. Både snikker og slåttekar hadde han vore.
I ein god del år jobba han på eit båtbyggjeri på Hundvåg utanfor Stavanger. Ein hendte mann som kunne laga både det ein og det andre.
På sine eldre dagar begynte han å putla med finare snikkeri. Visstnok var det ein nabo som spurte om han kunne laga ein gyngestol til han. Jo, det kunne han godt. Han bruka ein gammal gyngestol heime i si eiga stove som model og kopierte så godt han kunne. Det blei ein rektigt fine stol. Fleire ville ha slike gromme stolar. Bestillingane kom i tur orden.
Før Bjarne visste ordet av det, var det lang venteliste. På gyngestolar. Og ventelista ville ingen ende ta då avisene begynte å skriva om gyngestolane frå Hylsfjorden.
![]() |
Reportasjen i RA i juli 1977. |
Når det blir fellesferie og agurktid i avisene, veit ikkje journalistane si arme råd. - Ka skal me skriva om i dag? Alle er på ferie, ingen tek telefonen når me ringjer?
Då må journalistane løfta bakstussen opp av kontorstolen og finna folk som dei kan snakka med. Ka drive du med her? Kan dei spørja og dermed kan det kanskje dukka opp eit eller anna å skriva om.
Børge Knutsen, Rogalands Avis sin lausmedarbeidar på Strandalandet, hadde høyrt om dei billege gyngestolane som blei laga langt inni fjordane ein plass. Valskår? Kor i all verda er det? Slik tenkte han sikkert. Før han tok ut på reportasje-ferda.
Då gyngestol-reportasjen kom på trykk i RA i juli 1977, sto det ikkje berre om Bjarne og stolane hans. Det sto ganske mykje om vegen til Valskår også.
"Vegen fram til Valskår er et kapitel for seg, vi kjørte i det lange og brede på grusvei og det siste stykket var det helst nifst og samtidig fascinerende. Veien går høyt oppe i fjellsiden uten noen som helst form for sikring og det må vel være flere hundre meter ned til Hylsfjorden. Det er ingen vei for vinterkjøring. Vel framme spurte vi hvorden noen kunne finne på å bosette seg så langt fra allfarvei og vi fikk svaret. I gammel tid var det sjøveien folk benyttet og da var Suldal mer en utkant enn Valskårs eiendom er i dag", skreiv Børge Knutsen i RA.
Grunnen til at stolane blei så billige: Han henta materiale i eigen skog og fraktutgifter fanst det ikkje. Folk kom og henta stolane når dei var ferdige. Han laga forresten meir enn stolar. Her kunne slåttekarane få seg både langorv og stuttorv. Dessutan laga han kassar for golvklokker.
RA-reportasjen blei nok lesen i Aftenbladet. Det blei nok notert at der fanst ein gyngestol-original i Hylsfjorden. Men det kom ingenting i avisa før 2. juli 1985. På den tida hadde Aftenbladet ei eiga side for agurktida: Sommartorget var navnet. Det var journalist Eva Eriksen og fotograf Christian Fougner som drog til Valskår.
Stort oppslag med tittelen: Hobbysnekker med suksess. I denne reportasjen blir også den smale vegen til Valskår skildra. "Men verken direktører fra hovedstaden eller dongeri-kledd ungdom lar seg skremme av dyr eller krasse svinger på smal bygdevei. Valskår er populær og stadig kommer det fremmede på døren. Noen skal hente en gyngestol, andre vil kjøpe en utskåret bolle. På lageret har han rundt 30 stoler som er bortbestilt og klar til henting."
Bjrne i Aftenbladet juli 1985.
I 1985 budde det folk i tre hus på Valskår, står i det i reportasjen. Vegen kom på 1960-talet. Før det måtte dei gå opp den bratte vegen frå fjorden, men dei hadde taubane som tok dei tyngste børene.
Sommaren 1991 kom Geir Sveen frå Aftenbladet til Valskår. Han gjekk rett på sak og ville vita kva den nå 76 år gamle Bjarne skulle ha for ein slik gyngestol. Prisen var 350 kroner. Han hadde ingen planar om å auka prisen sjøl om kundane sto i kø.
Det sto 12 stolar klar til levering. Journalisten slo fram på om å få kjøpa ein stol. Men det gjekk ikkje. Alle var bortbestilte.
"Men kan vi få bestille en stol?
Ja, vi får vel snakkes om det en gang, sier Bjarne Valskår som ikke lar seg stresse. Heller ikke med bestillingene ....".
To år seinare, 13. juni 1993, var gyngestol-snikkeren på Valskår fyrsteside-stoff i Aftenbladet. Nå var han 78 år og gyngestolane var blitt tidtrøyte.
- Eg tek ikkje mot bestillingar på fleire stolar, sa Bjarne nå med trykk. Han ville ikkje ha press på seg.
Reportasjeteamet, journalist Leif Amund Håland og fotograf Egil Eriksson, fekk med seg at då Bjarne var guttunge, var det omgangskule her. Læraren underviste i stova og var der i 14 dagar før han flytta seg til Suldalseid og underviste der.
Småbruket på Valskår var nå overteke av Tor Inge Bråtveit og Gerd Helen Bø.
Her er det kommuneval på Suldalseid i 1979.
Sjølv var eg journalist ved Aftenbladet sitt Ryfylke-kontor frå 1978 til 1980. Eg må vedgå at eg aldri skreiv om gyngestolane til Bjarne Valskår. Men eg skreiv om han og sambygdingane då dei møtte opp for å røysta ved kommunevalet i 1979.
Dessutan har eg ein slik gyngestol som eg arva etter far min. Der sit eg og gyngar kvar dag. Nå på mine gamle dagar.
Bjarne Valskår døyde i 1992. Han blei 82 år gammal.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar