![]() |
12 år gamle Lise i Bergen sommaren 1945. Bildet tilhøyrer Lise Sømme McKinnon. |
Hausten 1940 kom Lise og Gabbi Sømme til Fister. Dei fekk leiga rom i eit hus ved rutebåtkaien.
Lise begynte på skulen på Fister. Her var det to-delt skule. Elevane starta som sju-åringar. Fyrst gjekk dei tre år i småskulen, Deretter fire år i storskulen. Annan kvar dag. Slik var ordninga på bygdene til ein kom ut i 1960-åra.
![]() |
Jakob Meland var den fyrste læraren til Lise på Fister. |
Jakob Meland var læraren. Nynorsk var opplæringsmålet. Men rettskrivinga frå 1938, var ikkje teken i bruk på Fister. Det sto soli i leseboka. Men kort tid etterpå fekk dei nye lesebøker der det sto SOLA.
Lise hugsar at to av sønnene til læraren, Jostein og Oddvar, gjekk saman med henne i småskulen.
I 1941 døydde lærar Meland brått, berre 50 år gammal. Han hadde vore lærar og kyrkjesongar på Fister i 18 år. I nekrologen i Aftenbladet står det at han hadde vore mykje med i kommunepolitikken. I tillegg dreiv han som reve-farmar på fritida.
To andre vaksne Fister-buar som var viktige på under krigen: Inger i Folgå og Erling på kaien. Inger Thomsen hadde telefonsentralen på Fister. Ho budde i folgehuset på garden til Einar Thomsen. Ho var bestemor til Åsmund Thomsen. Inger var viktig for Gabbi Sømme og kunne sørga for at viktige meldingar skulle formidlast raskt.
Erling på kaien, Erling Thomsen, var handelsmann, poståpnar og rutebåt-ekspeditør. Han sjekka rasjoneringskorta når Lise skulle kjøpa godterier og mora kjøpte sigarettar.
![]() |
Øyvind Aksnes var vikar-lærar på Fister. Han rømte til Shetland saman med Gabbi Sømme. |
Studenten Øyvind Aksnes blei nå lærar-vikar ei tid på Fister. Han var ein veldig kjekk og fantasifull lærar. Etter ei tid blei han erstatta av ein lærar som var medlem i Nasjonal Samling, Navnet hans var Geirmund Skår. Lise sette ikkje sin fot på skulen etter at han kom, men ho blei god venninne med to av døtrene til læraren, Astrid og Randi.
Gabbi Sømme engasjerte seg på mange vis på Fister. Ho blei vikar som organist i kyrkja og deltok med liv og lyst i kulturlivet som blomstra på ungdomshuset. Øyvind Aksnes laga tekstene til revyvisene. Han var også ein hyppig gjest på Lisehaugen. Der jobba dei med revytekstar, men det viktigaste var motstandsarbeidet mot nazistane. Der var også broren til Øyvind, Knut, svært engasjert.
Lisehaugen. Akvarell malt av Leif Dreyer, Gabbi Sømme sin andre mann.
Lise og dei andre ungane fekk ikkje vera med då dei vaksne øvde på lokalrevy. Men dei sat utanfor og høyrde tekstane. - Alle sømmer revner, Gabbi Sømme revner ei, song dei i eit vers i revyen, hugsar Lise.
Øyvind Aksnes rømde saman med Gabbi Sømme over til Shetland i 1944.
I 1941 fekk Gabbi Sømme leiga ein revevaktar-bolig av Rasmus Sandvik. Dette blei til Lisehaugen der Gabbi og Lise flytta inn og budde der det meste av krigen. Holstberg, sommarhuset til foreldra til Gabbi, låg i nabolaget til Lisehaugen.
Jamaldringane til Lise kom og gjekk på Lisehaugen. Gabbi lærte dei å spela fela eller piano. I tillegg var det mange som var engasjert i motstandsarbeidet, som kom og gjekk i hytta.
![]() |
Slik ser Lisehaugen ut i dag. Kirsten Sandvik Madsen eig hytta. |
Lise hugsar også at ho og mora reiste frå Fister og søkte dekning på meir avsides stader i periodar.
- Ein sommar var me i stølsdalen Valldalen ovanfor Røldal. Der fekk eg eit geite-kje som fekk navnet Lykle. Dette var med då me drog vidare til Førre innerst i Jøsenfjorden der mange motstandsfolk hadde ein fristad under krigen. Her tok Jone Førre seg av Lykle. Seinare brukte mora Lykle som eit av sine dekk-navn.
- Me var også ein tur i jakthytta til tannlege Asheim i heietraktene austanfor Førre. På veg dit overnatta me i ei uteløe der me høyrte mus romstera i høyet, fortel Lise.
Lise Sømme hadde ein spesiell barndom under krigen. Ho gjekk ikkje berre på skule på Fister. Ho budde også deler av krigstida i Bergen hjå faren. Han budde i Fjellveien i Bergen. Då gjekk ho på Nygård skule. Den låg sentralt i byen og ein del av romma på skulen hadde tyskarane teke i bruk. Ein del av undervisninga føregjekk i private heimar.
![]() |
Lise saman med faren Axel Sømme. |
20. april 1944 då den svære eksplosjonsulukka i Vågen påførte sentrum store skader i Bergen, var Lise i byen. Lise var nettopp kommen inn i klasserommet på skulen då det smalt. Minst 158 menneske mista livet og rundt 4800 menneske blei skada.
- Det var fullt av knust glass både i klasserommet og på resten på skulen. Alle elevane blei sendt heim, fortel Lise.
- Mi lærarinne, som dei kalla kvinnelege lærarar på den tida, heitte Kristine Heldal. Ho dreiv brevundervisning med meg i periodane då eg var på Fister, seier Lise.
Den 11 år gamle jenta visste ingenting før mora forsvann hausten 1944. Tyskarane jakta på Gabbi Sømme og Øyvind Aksnes som etter ei dramatisk flukt til slutt drog med Shetlandsbussen over Nordsjøen. Nå enda Gabbi i Skottland. Ho fekk ansvaret for flyktningane frå Sørøya i Finnmark som var plassert i ein leir der.
- På fredsdagen, 8. mai 1945, var eg på Fister. Det var strålande vêr, kan eg hugsa.
Mora si blei ho gjenforent med i Bergen utpå sommaren i 1945. - Me klemte lenge, smiler Lise.
Eit nytt kapitel i Lise sitt liv sto nå for døra. Men det blei mykje hit og dit-liv i etterkrigsåra også. Det kan du lesa om i neste blogg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar