onsdag 4. juni 2025

Hit og dit-barndom med pause på Fister

 

Gabbi Sømme og dottera Lise i 1930-åra.


Lise er navnet. Ho blei fødd på Aker sykehus i Oslo 5. november 1933 og budde det meste av sitt fyrste leveår på Bekkelagshøgda i Oslo. Gabbi og Axel Sømme, begge frå Stavanger, var foreldrene. Dei var aktive og på farten med Lise på slep. Det blei ein barndom prega av stadig flytting både i inn- og utland. 


Viss du reknar opp alle plassene den unge jenta budde gjennom sin barndom og tidlege ungdom, er det nesten til å mista pusten av. Og dette skjedde for 80 – 90 år sidan.


Oslo – Geneve – Paris – Orre – Bergen – Fister – Nærland - Hammerfest – Alta. Alle desse ulike stadene har Lise budd på fram til ho var 15 år. I 1939 skilde foreldra lag. Ho veksla ein del med å bu hjå mor og far. Men akkurat dette gjekk bra. Foreldra samarbeidde om å gi jenta si ein god og trygg oppvekst. Dei snakka aldri stygt om kvarande.


Lise McKinnon er 91 år i dag. Ei aktiv dame som
ofte er å treffa på farten i Bergen.



Lise Sømme var navnet i den omvekslande barndommen. Lise McKinnon er navnet på 91-åringen i dag. Ho bur i Bergen. Og tru meg: Utruleg kvikk. Ho meistrar mobiltelefon og sosiale medier som ein 19-åring.


Frå Oslo gjekk turen til Geneve i Sveits i 1934. Der blei faren, Axel, rektor på Den nordiske folkehøyskolen. Dette var ein sommarskole for elevar frå alle dei nordiske landa. Gabbi blei husmor på skulen og spreidde godt humør og samhold rundt seg, sto det i ein artikkel i Aftenbladet frå juli 1934.


Folkeforbundet sin nye, flotte bygning låg i skulen sitt nabolag. 


- Eg var med mor ut på tur. Då viste ho meg bygningen til Folkeforbundet og sa at i dette huset sørga dei for at det aldri meir skulle bli krig i verda, fortel Lise.


Men Gabbi slo seg ikkje til ro med å skapa god stemning for nordisk ungdom på sommarskole i Sveits. Dette blei ei stadig meir uroleg tid i Europa.


Frå Sveits gjekk turen til Frankrike. Her oppdaga Gabbi alle spanjolane som hadde flykta frå den spanske borgarkrigen. Dei ville ho hjelpa. Gabbi og Lise budde i Pontigny, ein småby nær Paris.  


- Gabbi Sømme administrerer 31 leirer med 1600 flyktninger står det  i ein artikkel i "1. Mai" (Rogalands Avis i dag) i september 1939. Her fortel ho om dette arbeidet og avsluttar med å understreka at det nå strøymde statslause og rettslause over Europas grenser. Ho oppfordra norske hjelpeorganisasjonar til å få hjelpearbeidet i gang. Denne hausten starta den andre verdenskrigen.


Tilbake i Norge denne hausten engasjerte Gabbi Sømme seg i arbeidet for å hjelpa folk som måtte flykta frå Hitler og nazistane i Tyskland og Austerrike.


I 1939 blei ekteparet Sømme skilde. Axel busette seg i Bergen. Han blei dosent i geografi ved Norges Handelshøyskole. Gabbi heldt seg i Stavanger-området. Foreldra hadde hus i Stavanger og hytta på Fister.


Då tyskarane gjekk til angrep på Norge 9. april 1940, var Lise hjå faren i Bergen. Gabbi kom med nattruta frå Stavanger til Bergen om morgonen. Planen var å ta med seg Lise sørover igjen.


Slik gjekk det ikkje: Gabbi og seks år gamle Lise flykta frå Bergen i retning mot Hardanger. Dei fekk plass på lasteplanet på ein lastebil. - Fyrste stopp var i Norheimsund. Her blei me innlosjert på skulehuset, seier Lise.


Neste dag blei dei rodd over til Framnes sidan vegen var stengt på grunn av krigen. Då passerte dei ei bru der det var tyske soldatar. Dei skaut. Men Lise er ikkje sikker på kven dei skaut etter. Dei kom velberga fram til Framnes og seinare til Rosendal.


Nå drog Gabbi og Lise til Sverige. Vidare reiste dei nordover til Umeå og inn i Finland. Dei kom heilt til Helsinki. 


Men dei blei ikkje verande der. Dei returnerte til Sverige og  der stoppa dei i Jädraås i Värmland. Der fikk Lise sitt fyrste møte med skulevesenet. Ho lærte å lesa.


Lise veit ikkje kva planar mora hadde, men det enda med at dei reiste tilbake til Norge utpå hausten. Dei fekk leiga seg eit hus på Fister.


Dette var fyrste kapitel i ein omskifteleg og til dels dramatisk barndom. Nå venta den to-delte folkeskulen på Fister. Lise blei sju år denne hausten.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar