![]() |
Bil og buss har eg kjørt mange gonger langs Tysdalsvatnet. Men nå har eg gått her også. Skreppeneset ligg heilt til høgre på bildet. |
Gran Canari? Ka skal me der? Kan me ikkje heller gjera någe litt orginalt?
Den unga kånå mi er full av reiselyst. Eg er gammale og har lite lyst til både det eina og andra. Men eg kan jo ikkje berre seia nei og atter nei. Eg må komma med forslag som kan roa kånå litt.
Kan me ikkje heller ta bussen frå Hjelmeland til Tysdalsvatnet og gå av der Svotunnelen startar og gå på den gamle riksvegen langs Tysdalsstrandå? Og så kan me ta bussen igjen frå Vatne til Jørpeland og overnatta på Verkshotellet. Det må jo vera spennande og originalt.
![]() |
Kjente fjelltoppar og kjente kåna på tur. |
Trur du ikkje kånå kjøpte denne ideen. Hu er jo fødde og oppvaksen på Jørpeland. Men på Verkshotellet hadde hu aldri overnatta.
Me ringte til Jørpeland og bestilte dobbeltrom på Verkshotellet. Neste dag hoppa me på halv tolv-bussen frå Hjelmelandsvågen og drog i retning Tysdalsstrandå.
Bussjåføren som ikkje var fødde og oppvaksen i Ryfylke, var litt overraska då me ba han stoppa ved tunnelmunningen. Han var grei og slapp oss av. Men flirte godt då han forsto at me skulle gå den gamle veien til Vatne. Han skulle berre visst at eg personligt hadde kjørt rutebuss på denne vegen i min ungdom.
![]() |
900 meter er langt når du går. Minst ti minutt, |
Det har vore kjørande veg langs Tysdalsvatnet sidan 1938. Vegen går gjennom svære steinurer og det har ikkje vore ufarleg til tider å kjøra der. Minst ei dødsulukke har det vore.
Men då hu Magnhild var samferdselsminister, blei det laga tunnel forbi dei rasfarlege urene. I november 2013 blei den 4733 meter lange Svotunnelen åpna. Den kosta 480 millionar kroner.
Yr.no meinte me risikerte regn på turen. Men regnkleda var ikkje nødvendige før me var framme på Vatne.
Desse bilane har øydelagt alle våre begreper om avstandar. Det tek berre minuttar å kjøra tunnelen. Me dabba og gjekk i halvannan time før me var framme i sivilisasjonen igjen. Me hadde kontakt med to syklistar som sykla tur – retur. Utanom dei traff me ikkje ein kjeft. Det kan ikkje vera stor trafikk her. Det fanst verken rusk eller rask langs vegen. Ikkje brune sniglar heller.
![]() |
Fyrste sida på Aftenbladet 17. november 1962. |
Ved Skreppeneset er det ein ganske skarp sving. Der kolliderte sokneprest Berg i Hjelmeland og grapsa bilen sin. Denne kollisjonen fekk plass på fyrstesida i Aftenbladet i november 1962. Dette fekk kånå ein grundige orientering om. Eg gjekk og les for denne presten i 1963, ser du. Andre alvorlege hendingar gjekk eg ikkje i detalj om.
Me dabba og gjekk. Studerte stader der det var spor etter ras og me såg også at vegen var forbetra og utvida fleire stader sidan åpninga i 1938.
Ein ting er sikkert: Det er langt igjen å gå når det står skilt om rasteplass er 900 meter unna.
Regnet kom deisande på Vatne. Men då hadde me rigga oss til i fyrste og beste buss-stopp. Det gjekk ein liten time før bussen til Solbakk kom. Eg fann fire tomme ølboksar utanfor stoppet, me var tilbake i sivilasjonen, må vita. 6995 skritt eller 5,1 kilometer viste appen på mobilen.
![]() |
Verkshotellet på Jørpeland. |
Buss-sjåfør Lars Olaf Hetland frå Hjelmeland var overraska då me kom om bord på Vatne. Ka gjorde me her? Turen gjekk vidare via Solbakk til Jørpeland og Verkshotellet.
Kånå va trøtte, men lukkelege. Men planla ein lengre tur med rutebåt i Ryfylke neste dag.
PS. Eg er ikkje så mykje eldre enn kånå mi i alder. Men hu er så mykje yngre til sinns. DS.
Jone
SvarSlettDet er kjekt å lesa det du skriv. Og det var umåteleg kjekt å treffa deg på Bryne. Arvid.