fredag 18. juli 2025

Ein pub pluss 13 kaiar i Ryfylke

 

Tre passasjerar gjekk av på Jelsa. 




Kolumbus oppdaga Amerika, men me greidde å oppdaga ein båttur Ryfylke rundt frå Tau til Hjelmeland ved å dykka ned i Kolumbus-rutene.


Fyrst venta me i sju lange og sju breie på Tau. Til slutt kom ferja "Ryfylke" og tok oss med frå Tau til Fister, Byre, Sør-Bokn og Judaberg. Denne ferja tek seg av små-øyane i Ryfylke som ikkje har skikkeleg riksvegferje-samband. Dei fraktar kjøretøy i all slags fasongar til desse øyane. Denne ferja går etter ei litt omtrentleg rute, men har faste daglege anløp. Det var vår dårlege planlegging som var grunnen til at me sat så lenge på Tau.


Hjertelig velkomst på Nedstrand. Ferja "Ryfylke til venstre.





Denne dagen kunne me reist med "Ryfylke" frå Østhusvik på Rennesøy til Brimse, Sør-Hidle og Heng før anløpet på Tau. Ganske eksotisk kunne det blitt. For oss var det berre halv-eksotisk. På Fister har me vore før.

Det var ein personbil som kom frå Sør-Hidle som skulle av på Fister. Deretter kom Byre. Denne øya var ein del av Fisterøyane, som folk sa før i tida. Frå 1965 tilhøyrde desse øyane Finnøy. Trur du ikkje dei er blitt ein del av Stavanger i dag. Men ikkje sei Byøyane. Det kan bli misforstått.


Klart for anløp på Byre.



På Byre venta to store kjøretøy som hadde utført ein jobb der og nå skulle vidare til Bokn. I tillegg kom ein del byfolk ombord. Dei hadde feira ein åremålsdag. Nå skulle dei heim via Judaberg.


"Ryfylke" er ikkje bygd for turistar. Det var ikkje promenadedekk. Du var henvist til bildekket når du skulle studera farvatnet me seilte gjennom. Men passasjersalongen var fin nok den. Til og med sjølbetjent kiosk.


Ferja gjekk klokka 14.55 frå Tau og var på Judaberg 17.50. Fin tur i det flotte sommarveret. Og gratis for oss som ikkje hadde bil med. På Finnøy gjekk me i land. Då var det berre to bilar igjen om bord. Dei kom om bord på Tau og skulle vidare til Nedstrand der "Ryfylke" overnatta.


Dickins pub på Finnøy.



Eit besøk på den nye turistattraksjonen på Finnøy, puben Dickins, sto nå på programmet. Kven skulle tru at me fekk oppleva slikt på bedehus-øya i Ryfylke?


"Helgøy Glimt" tok oss Ryfylke rundt frå Finnøy.



Neste etappe gjekk med hurtigbåten "Helgøy Glimt". Den skulle ta oss med på ein heil rundtur. Den tok for seg det meste av øyar og kaiar innover. Men den gjekk berre innom der det var folk som skulle av eller var nokon som hadde meldt frå om at dei skulle med.


"Helgøy Glimt" sløyfte Halsnøy, men var innom på dagens knutepunkt på Ombo, Eidssund, som nå er hovedstad med kai, butikk, skule og blomstergartneri.


Sjernarøyane låg og lata seg i ei varm ettermiddagssol. Frå promenadedekket fekk eg med meg det meste frå Nord-Talgje til Aubøsund.


Me var innom på ferjekaien på Helgøy og strauk rett fordi kaien på Nesheim. Ingen skulle av der.


Det var litt spennande å finna ut kor kursen gjekk vidare. Mange kaiar sto opprekna i ruta: Nedstrand, Foldøy, Hebnes, Jelsa, Nesvik før Hjelmeland. Det blei nesten full pott.


Nedstrand var fyrste stopp. Mannen som gjekk av der fekk ein varm velkomst på kaien. Her låg også ferja som me hadde helst på tidlegare på dagen.


Parti frå Foldøy.



Så var det Foldøy, Hebnes og Jelsa. Det er jo synd at båten går til den sjellause ferjekaien på Jelsa. Den vakre strandstaden, også kalla brystnåla på Ryfylke, måtte me nyta på avstand.


Då var det berre Hjelmeland igjen. Nesvik gjekk me glipp av. Der har me vore før.


Hjelmelandsvågen i ettermiddagssola.



Hjelmeland låg der i sola og tok seg ut. Finst ikkje flottare plass.


Me var framme. Det blei ein flotte rundtur. Men den tok på oss gamle i denne varmen.


Takk for turen!

2 kommentarer:

  1. Du glømte å skriva at du har vore på Sør-Bokn før.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har vore alle desse plassene før. Einaste unntaket er pubben.

      Slett