mandag 27. januar 2025

Postbudet på traktor med firahjulstrekk

 

Landpostbud Martin Bakken brukte traktoren med firahjulstrekk då snøen gjorde vegane 
uframkommelege.



Ka gjorde landpostbudet i Hylsfjorden, Martin Bakken, då han ikkje kom fram med personbilen på alle sidevegane på ruta si på grunn av all snøen? Enkelt for han som hadde ein traktor med firahjulstrekk. Han kjørte frå Vanvik til Sauda med traktoren med kjettingar på fira hjul. Dermed kom han seg fram og alle "kundene" fekk posten kvar dag slik dei skulle.


For ein enkel journalist på Aftenbladet sitt Ryfylkekontor i Sauda var det ikkje alltid like lett å finna på kva ein skulle skriva om når dagane blei korte og mørknå seig på. Stilt og roleg, ingen dramatikk.


Men så kom det snø, vind, vêromslag, mildt og så snø igjen og glatt og uframkommeleg. Eg var to år i Sauda, frå 1978 til 1980, og fekk med meg min del av dette. Kjekt stoff. Ikkje minst nå, 45 år seinare.


I februar 1980 var det snø, flaum og snøras og mykje å gjera for Vegvesen-folka. Eg hadde daglege samtalar med vegmeister Gederø på Sand. Han rapporterte om strevsame dagar for folka hans. Han fortalde om maskinkjørar Alfred Jensen som rydda opp etter snøras på Lovraeidet. Plutseleg kom det eit nytt ras og la seg over vegen og rundt gravemaskinen.



Risikabelt å rydda snø på Lovra.



Postbudet på traktor oppdaga eg sjøl frå kontorvinduet då han brumma ned over gata i Sauda med kurs for skipsekspedisjonen. På den tida kom det westamaran frå Stavanger slik i to-tre-tida. Då kom det ferske aviser til abonnentane i Hylsfjorden. Desse avisene skulle Martin Bakken ha med seg. Abonnentane i slike utkantar fekk spesialservise med ferske aviser. Abonnentane i Sauda måtte venta eit par timar til før dei fekk avisene sine som kom med bil via Suldal og Ropeid.


Eg fekk praia traktor-budet på kaien og var med han utover på ruta for å få eit kjekt bilde som eg kunne bruka i avis-reportasjen. Bildet ved postkassen i Maldal blei ganske bra og slått opp på fire spalter i avisa neste dag. Fire spalter var store bilder i den tida.


Det var spesielt på sidevegane i Vanvik-krinsen det var vanskeleg å komma seg fram gjennom snøfennene. På den tida var det 64 husstandar på ruta til postbudet frå Hylsfjorden. På sommarstid brukte han to timar på ruta si. På desse snødagane brukte han dobbel så lang tid.


Men han klaga ikkje. I førarhuset på traktoren var det like varmt som i bilen. Og når han bruka øyreklokker merka han ikkje mykje til motorduren helller.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar