mandag 22. juni 2026

Jønsok heiter det! Sankt Hans er knot!

 


Nikolai Astrup sitt maleri Jonsoknatt.



Er denne fantastisk vakre Ryfylke-dialekten vår i ferd med å bli snakka aldeles forderva i dag? Grunnen til at eg spør: For eit par dagar sidan fekk eg melding frå ein godt vaksen mann på Jelsa. Han lurte på om han var den einaste som sa jonsok. Då kunne eg ikkje dy meg.

- Eg seier jønsok, svara eg. Berre for å erta litt.

Men i dagane etterpå har det gått opp for meg at jelsabuen truleg har altfor rett. Til og med innigjøna, i utsjeglane, seier dei unge St. Hans.

For å gjera det heilt klart: I gamle dagar, då eg var guttunge, brant me jønsokbål for å markera at nå snudde sola. Nå var det slutt på den kjekke tida då me gleda oss over at dagane blei lengre og lengre og snart var det sommarferie. Snart var skuleferien slutt og kveldane mørkna.

Og denne Hans. Veit du kem det er? Johannes Døyparen. Johannes er plutseleg blitt Hans. For ei greia!

Ingen av oss der inne i fjordane drøymte om at någen kunne komma dragande med Johannes Døyparen som me hadde lært om i bibelsoga på skulen. Han som sto til knenå i vatten ute i Jordan-elva og døypte vaksne folk. Til slutt fekk han forferdelege kong Herodes høyra om han og fekk han halshogde. Me som kom der innante gjekk berre annankvar dag på skulen, men me gjekk ikkje glipp at ein prikk i bibelsoga for det.

Kånå mi kjem frå Strandalandet. Derfor har eg med åra blitt kjende med ein del strandbuar. Ikkje eit ord gale om dei. Men eg har høyrt både nå og då at dei seier Sankt Hans. Dei hadde jo berre blese av meg, ein enkel hjelemelandsbu, viss eg hadde prøvd å retta på dei.

I tillegg er det desse såkalla lærde som meinar dei har greia på så møje meir enn oss vanlege. Dei kjem dragande med at Jon og Johannes er det same navnet. Derfor er det korrekt å seia St. Hans.

Men me som har tenkt lenger veit jo at det retta er å seia Jønsok og det er jo ikkje Jon. Dessuten brant dei bål og feira solsnu inne i fjordane våre lenge før kristendommen var oppfunnen. Kanskje til og med i den tida då det var slik halveis istid og finnøybuane levde av fiske og reinsdyrjakt.

Derfor: På vegne av den vaksne på Jelsa og meg sjøl vil eg oppfordra adle til å seia Jønsok eller Jonsok. Gløym han stakkar Døyparen som Herodes var så stygge med på denne dagen.



fredag 12. juni 2026

Hei! Går Mulebussen til Mindeveien ???

 

Her på endestasjonen i Søndre Skogvei kan du ta bussen heilt til Mulen i dag.



Nå er det heilt på trynet. Mulebussen går til Søndre Skogvei. Men det er ikkje linje fem lenger.  Den er fordobla til nummer ti. Kor skal det enda henne?


Av og til tar mi kjære og eg oss ein tur til Bergen for å studera kor langt buss-forfallet er komme nå i byen. Eg var studentsjåfør i åravis i den tida då det var orden i verda og Bergen Sporvei eksissterte. Kona mi blei fyrst bussjåfør og seinare plassert i forbygningen til fengslet der sjåførane leverte oppgjøra sine og fekk utlevert nye billettar. 


Berit som sporveissjåfør i 1973.


Eg kjørte buss i åravis. Eg kjørte alfor mye. Det gjekk utover studiene. Eit under at eg klarte å enda opp som adjunkt med opprykk til slutt.


Det var ikkje bare sporveiens vekst og fall me skulle ta oss av på turen til Bergen. Me har eit barnebarn som er i Bergen. Den stakkars jenta på bare 23 studerer i Bergen og er plassert heilt aleina i ein leilighet i Formanns vei. Me gamlingane kjente jo begge til Formanns vei. Der var jo endestasjonen for  linje 8.


Slik såg det ut då linje 8 gjekk til Formanns vei på 1970-talet.
Bussen er ein danskbygd Leyland (DAB).




- Ta buss nr. 10 til endestasjonen, sa jenta.


_ Hallo. Skal me ta bussen til Øyjorden, spurte eg. Nummer 10 gjekk til Øyjorden i vår tid.


- Ti-bussen går til Mulen, sa jenta.


Me måtte berre innretta oss i den nye tida og ta ti-bussen. Me var jo kjende der i strøket. Tidleg på 1970-talet hadde me leilighet i Hans Hauges gate.

På bussen strekte me hals då me nærma oss Frelsesarmeen og fekk me oss huset der me har budd.


Mariakirken var akkurat som før i tida. 



Eit gløtt av Mariakirken blei det også. Der gifta me oss i 1972. Gudshuset består. Det gjer ektskapet også.


Etter å ha besøkt barnebarnet og sove ei natt på hotell, avslutta me besøket i Bergen med å reisa til den andre endestasjonen til Mulebussen, Søndre Skogvei. I gamle dagar var dette endesjonen for linje 6, Mindeveien – Nordnes.


Traseen for bussen var ikkje slik eg venta. Trur du ikkje me var så vidt innom Møhlenpris der Mulebussen gjekk i trolleytida, deretter Gyldenpris og Soheimslien der nr. 15 gjekk for så og komma til den gamle endestasjone i Søndre Skogvei som eg hugsa frå mi tid.


Tenk det du! Slik er det nå for tida.


Bare ein ting som eg synes er skikkeligt gale. Den gamle kontrollørkiosken i sentrum er fjerna. Ein gang eg satt som disponibel sjåfør, kom ei voksen dame og klaga på ein frekk sjåfør til kontrollørane. Hu hadde stått oppe ved Danmarks plass og venta på bussen. Hu spurte sjåføren om han kjørte til Mindeveien eller Gyldenpris. - Gå fram og se sjøl. Eg e tørr i kjeften av å svare, sa sjåføren.


Her i fyrste etasje på Det gamle rådhus hadde sporveissjåførane 
oppholdsrom i mange år.



P.S. Ikkje mange i dag som veit at sporveissjørane hadde oppholdsrom i første etasje i det gamle rådhus. Bak dei store vinduene satt sjåførane og varma seg før dei gjekk på vakt. Her var det også vaktlister for oss vikarsjåførar på veggen og lønnsutbetaling med kontanter i ekta lønningsposar annankvar torsdag.


Takk for turen!