| Trond Laugaland, Paul Sverre Fyljesvoll og Steinar Warland i full sving med teaken som skal pryda «Jøsenfjord». Foto: Tor Olav Følgesvold. |
Dei gamle vinduskarmane av solid,
gammaldags teak frå Næringslivets Hus i Stavanger havna ikkje på
bossdungen. Tvertimot. Nå blir dei reinska for gummilister,
beslag, skruar og spiker og pussa opp etter beste evne i eit tidlegare
hønshus på Randøy i Hjelmeland. Den gamle teaken skal få eit nytt liv på
fronten av styrehuset og som kledning utanpå salongen på
veteranbåten «Jøsenfjord».
![]() |
| Olavsgården i Stavanger blei til Næringslivets hus. Foto: Stavanger byarkiv. |
10
pallar med gamle glaskarmar blei henta hjå byggjefirmaet og kjørt til Felleskjøpet sitt anlegg i Hillevåg. Derifrå er nå vel
halvparten frakta til Randøy der ein dugnadsgjeng på seks-sju
mann nå har jobba fleire helger i vinter med å gjera teaken klar
for sitt nye liv på «Jøsenfjord».
![]() |
| «Jøsenfjord» som DSD-båt etter 1975. Foto: Kåre Lindboe. |
- Det gjenstår mykje arbeid før all teaken er reinska. Difor blir me
glad viss det er fleire som kan tenkja seg å gjera ein innsats når
me går i gang igjen etter påske, seier Tor Olav Følgesvold som er
styremedlem i veteranbåtlaget og ein av dei som har vore med på det
meste av dugnadsarbeidet.
| Lars Randa viser fram den fornya teaken og ein del av avfallet som er plukka av dei gamle vinduskarmane. Foto: Jone Laugaland. |
Riksantikvaren
har hatt stor sans for arbeidet å setja «Jøsenfjord» i stand. Til
nå har han bevilga mellom 10 og 20 millionar kroner til arbeidet.
Det ser ikkje ut til at arbeidet i Kristiansand blir avlutta før i
2021.
Når
«Jøsenfjord» kjem tilbake til Stavanger skal overbygninga gjerast
ferdig. Styrehuset blei teke av før båten blei taua til
Kristiansand i 2015. Det er ferdig restaurert med unntak av fronten
som manglar teaken.
- Mykje
godt arbeid gjenstår. Alle som kan tenkja seg å vera med, er
velkomne, seier Lars Randa som er styreleiar i veteranbåtlaget.
Fakta: «Jøsenfjord» kom tilbake til Ryfylkefjordane for eigen maskin 20. april 2011 etter over 30 år i Nederland. Båten blei bygd ved Christiansands Mek. Værksted i 1886 for Actieselskabet Dampskibsselskabet Lindesnæs og fekk navnet «Lindesnæs. I 1930 kjøpte Jøsenfjord Rutelag dampbåten. I 1934 blei dampmaskinen teken ut og erstatta med ein Wichmann dieselmotor på 300 HK. Denne motoren står stadig i båten og skal vera den einaste igjen av denne maskintypen. I 1962 blei «Jøsenfjord» ombygd og påsett bildekk.